top of page

KVEN KAN MELDE SEG PÅ ?

Inscrire

Den som vil! Berre du er i besittelse av eit observasjonsinstrument. Er du ein privatperson, eller medlem av ein organisasjon, og har du tilgang til eit teleskop eller ein stjernekikkert?
Då er du velkomen !

KVIFOR MÅNEN ?

Pourquoi

Månen er synleg med det nakne auge. Og likevel er det svært få som har fått høve til å beundre den av planetane som er vakrast sett gjennom stjernekikkert eller teleskop. Sidan den er så nærme, er relieffa i månelandskapet tydelege å sjå.
Ein person som får observere månen for fyrste gong, vert overraska av alle detaljane ein kan sjå med det blotte auge. Den 12. og 13. juli kan du også vise publikum andre synlige planetar, men ingenting kan måle seg med månen for fyrste gong !

FOR KVA SLAGS PUBLIKUM ?

public

On the Moon Again har til føremål å få alle til å lyfte hovudet mot himmelen, og då særleg personar som aldri har fatta spesiell interesse for stjernene, og som ikkje har kunna forestille seg at det er mogleg og faktisk tilgjengeleg. Vi ynskjer å treffe eit breiast mogleg publikum, og der det er flest folk å finne er på gata !

ou

KVAR OBSERVERE ?

Der det er mest forbipasserande ! Det å måtte gå til eit observatorium eller eit aktivitetssenter,  betyr at folk må planlegge og organisere seg. Her vil ein oftast også kun nå eit publikum som allereie har kjennskap til temaet. Difor er det viktig å installere seg der lokalbefolkninga passerer. Det er absolutt ikkje naudsynt at det er mørkt og utan gatelys for å observere månen. Dei beste områda er ofte i sentrum, ved elva, framføre ein turistattraksjon, ein kafé, eller ein restaurant. Om du bor i ei lita bygd, eller i eit område utan turistar, er det berre å ta fram instrumenta dine, og plassere deg framføre der du bor. Nytt sosiale media, og inviter naboane dine til felles observasjon ! Du kan sjølvsagt opne observatoriet ditt, men det beste er å lufte instrumenta og ta dei med ut til folket.

37245591_692073964457913_271897043303766
quand

NÅR OBSERVERE ?

On the Moon Again tek stad fredag 12. og laurdag 13. juli 2019, ei veke før 50-års feiringa for menneskets fyrste steg på månen. For dei fleste jordboarar er dette ferietid, og veret burde vere fint. Desse to datoane vart valde fordi månen då er veksande, og tillet fleire timar med klår observasjon etter at sola har gått ned. Ved at månen vert observert over heile jorda over to kveldar, får observatørane utforske månen i løpet av 48 timar ! On the Moon Again startar  i Stillehavet på Tongaøyene og New Zealand på kvelden den 12. juli. og avsluttast også i Stillehavet ; på kvelden den 13. juli på Hawaii eller Tahiti ; også ein annleis  måte å bevisstgjere  at vi lever alle på den same planeten, og under den same himmelen, slik som tilfellet var i 1969.

Capture d’écran 2018-08-15 à 15.26.21.pn

Aspect of the Moon

 12 th july evening

Capture d’écran 2018-08-15 à 15.26.47.pn

Aspect of the Moon

 13 th july evening

KVA SLAG UTSTYR TRENG EIN FOR Å OBSERVER ?

Matériel

Føredelen ved månen er at den er godt synleg med kva som helst slags instrument, frå ein kikkert, til eit teleskop på 20 - 30 cm i diameter, til ei lita telelinse med 60 mm i diameter, eller det berømte telskopet med ein diameter på 115 mm. Om instrumentet ditt ikkje har sett natta, eller vore lufta på lenge, er det berre å blåse støvet av det og få det på føtene. Dei små instrumenta er sjølvsagt meir praktiske fordi dei er enklare å transportere utandørs. Om instrumentet ditt er utan motor er dette inga hindring, det er berre å montere på ei svak forstørring (30-40X). Då treng du kun å resentrere månen inn i mellom (og samtidig få vist dei vitjande at jorda faktisk går rundt!) Ikkje la det stoppe deg at du føler utstyret ditt ikkje er sofistikert nok, du vil verte overraska over begeistringa til dei forbipasserande av å få sjå månen gjennom 60 mm linsa di !

Capture d’écran 2018-08-15 à 16.16.56.pn

KVA FORTELJE PUBLIKUM ?

Månen er nok i seg sjølv for å imponere dei forbipasserande ! Du kjeme til å verte overraska over begeistringa etter eit fyrste  nølande augekast, og så lysta til å nyte opplevinga lenger,  til å  kommentere og dele synet av det vakre månelandskapet, slik som når ein turist ser havet, eller når toppen av eit fjell for fyrste gong. Om du i tilleg kjenner til nokre historier om korleis månen vart til, om månekratera, eller til og med om månelandinga, eller dei fyrste observasjonane av Galilee, kan du vere  sikker på at alle som dukkar opp kosar seg. Så er det berre å svare på flaumen av spørsmål som kjem etterkvart.

raconter

KORLEIS KOMMUNISERE ?

On the Moon Again vil vere ein katalysator for observatørar. Den 12. og 13. juli 2019 vert tusenvis av teleskop tekne fram. På våren 2019 vert det sett igong ei internasjonal kommunikasjonskampanje for å gjere kjent denne verdsomspennande rørsla. Frå juni 2019  vil ein på denne sida kunne finne eit kart med alle observatørane frå kvar by. Me reknar med å høyre frå dokke som vil vere med, og også at dokke rekruterer vennar og kjente til å slutte seg til oss. Kontakt gjerne den lokale pressa, og bruk sosiale media for å gjere observasjonsstaden din kjent. 

 

Styrken til denne rørsla vil kome an på innsatsen og implikasjonen frå miljøet til dei deltakande. Me stolar på at dokke vil vere med på å gjere On the Moon Again til dei to store verdsomspennande astronomiske kveldane.


Kommuniker på tvitter

For å dele erfaringane våre gjennom desse to dagane er det ein unik hashtag som gjeld #onthemoonagain

communiquer
bottom of page